lørdag 26. januar 2013

Tyggegummi-kunst

Ben Wilson lagar kunstverk av det andre kastar frå seg. På London sine gater kan ein komme over små fargeklattar. Kikkar ein nærmare på desse, kjem det til syne skildingar av Wilson sine personlege opplevingar, av dyr, portretter og det som elles måtte falle han inn. Wilson seier at dei unge i London mistar kjensla av tilhørigheit til strøket dei veks opp i. Dei får ikkje leike i gatene i fare for at dei blir påkjørt. Dei mange krava ungane skal leve opp til, gjer at dei mistar muligheitene til fri og ubetinga leik. Kunstverka til Wilson er eit forsøk på å bygge opp att kjensla av tilhørigheit.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar