tirsdag 27. mai 2014

Årets masterstudenter i formgiving, kunst og håndverk

5. og 6. juni har du mulighet til å få med deg  årets masterstudenter i formgiving, kunst og håndverk presentere masteroppgaver på Notodden. Her følger programmet for den offentlige presentasjonen. 
Vel møtt! Klikk på bildene for fullskjermsvisning.

Brosjyren er laget av: Kristine Norlander, masterstudent ved HIT.




mandag 12. mai 2014

Animasjon i studiet Kunst og handverk 2

Våre fantastiske Kunst og handverk2arar er i desse dagar i ferd med å avslutte sitt studiet ved Høgskulen i Telemark, Notodden. Det har vore nokre flotte og lærerike år både for studentar og forelesarar. Og det er både med vemod og stolthet at me ønskjer dei lykke til med formidling og vidareføring av kunst og handverksfaget i skulen.

I vår gjennomførte studentane eit spennande animasjonsprosjekt som resulterte i nokre flotte dukkar, scener og animasjonsfilmar. Oppgåva gjekk ut på å ta utgangspunkt i arkitektur i eige nærområde.

Scene og rekvisittar
frå "Gi gass, Ine", illustratør Øyvind Torseter
Eit hus eller ein bygning skulle fotograferast og gjerast om til svart-kvit bilde. Bilde skulle brukast som utgangspunkt for scene og rekvisittar. Inspirert frå arbeida til illustratøren Øyvind Torseter i bildebøkene om Ine og Hasse, skulle studentane velje ut ein fargeklang til å dominere det heilskapelege visuelle uttrykket  i filmen. Gjennom å legge farge på detaljar i scena og dukka skulle dei søkje å få til ein samanheng mellom scene, rekvisita og dukke. Studentane skulle dessutan trekke ut minst to element frå scena og gi desse ei tre-dimensjonal form.

Dukke til animasjon
frå "Evens hage", illustratør Lars Aurtande

Vidare skulle studentane finne fram til kven som budde i dette huset og korleis dette mennesket såg ut? Hus skaper folk og folk skaper heimar. Studentane skulle formgi mennesket som bur i huset gjennom klede, ansiktsform, nase, øyrer, kroppsbygning, kroppshaldning osv. Illustratøren Lars Aurtande jobbar tredimensjonalt og utformar dukkar til sine illustrasjonar, me lot oss innspirere av hans arbeid med mellom anna bildebøkene Sageren og Evens Hage.


Rørsle og virkemiddel
I arbeidet med animasjonsfilm har me dessutan vore særleg opptatt av å studere rørsle og virkemiddel. Korleis beveger animasjonsdukka seg i filmen? Når ein skal animere ein figur som skal bevege beina, slik at det ser ut som naturlig gange, er det viktig at den står godt fast til underlaget. Då kan ein bruke isopor som ein stikk nåler i, lærertyggis som festar seg til underlaget og teip, eller ein kan lage store føter som står godt mot underlaget.
Det er eit tips å overdrive rørsler i animasjonsfilm. Rørsler kan ha høgt tempo i forhold til verkelege rørsler utan at det verkar unaturlig. Eit anna viktig prinsipp er å la forma holde på sitt totalvolum sjølv om figuren sin for endras i ulike situasjonar. Om til dømes figuren gjer ei hopp, vil figuren strekkes ut i hoppet og presses saman i det figuren treff bakken, likevel vil figuren heile tida ha same volum.  Dette prinsippet skaper dynamikk og spenning i rørsla. Før ein figur eller eit objekt utførar ein handling eller ei rørsle i ein retning, vil den ofte bevege seg i motsett retning før hovudørsla. Dette gir ein mjukare start på rørsla og forbereder sjåaren på at noko kjem til å skje.
Ikkje alle objekt har einsarta volum og vekt over det heile. Hjå ein menneskeliknande figur som har tjukk mage og langt hår vil håret ha eit anna rørslemønster enn magen og resten av kroppen. Når en figur t.d. spring og snur seg i fart, vil kroppen snu seg raskare enn håret, som held fram i rørsla og blir hengande igjen - håret gjer ei mot rørsle når kroppen skiftar retning. Under opptak er det dessutan viktig at ein avsluttar ei scene/ ei rørsle før ein endrar bildeutsnitt. Veksling mellom ulike utsnitt gjer ein seinare når en redigerer klippa.
Sjå eit par av filmsnuttane og resultata frå anismajsonsperioden under. Filmane handlar om korleis det kan gå med pensjonerte kunst og handverkslærarar og husmålarar ved kysten.
Tusen takk til Bjørg Marie Jarstad og Laila Bråten i Kunst og håndverk 2, trinn 5-10,  Høgskolen i Telemark, Notoden for animasjonsfilmbidrag i dette innegget!

Sjekk våre studier her: http://www.hit.no/nor/HiT/Soeker/Studietilbud/Kunst-og-design


fredag 9. mai 2014

Stian Hole kommer på Bildebokkonferansen 2014!

Stian Hole er ein av våre fremste bildebokmakare og han blir lagt merke til både i inn- og utland. Særlig har bøkene om Garmann hausta prisar og heider med mellom anna tildeling av Brageprisen, Bokkunstprisen, Årets vakreste Bøker, Bologna Ragazzi Award og Dautscher Jugendliteraturpreis.

No er Hole igjen aktuell med ei ny bildebok. Denne gongen handlar det om jentungen Anna og pappa i Annas himmel. Desse to må ta avskjed med mamma og sjølv om det ikkje uttalast av mamma er død, er det desse assosiasjonane ein les ut av teksten og bilda. Pappa bærer på mykje sorg, men Anna tar han med gjennom holet i himmelen og ut på ei reis som tek dei med til stader pappa ikkje viste fantes.


Bildene i boka er svært poetisk og opnar opp for tolkning og fabulering. 

Sett av dagen torsdag 30. oktober og få med deg Holes presentasjon av sitt arbeid med bildebøkene.