5. og 6. juni har du mulighet til å få med deg årets masterstudenter i formgiving, kunst og håndverk presentere masteroppgaver på Notodden. Her følger
programmet for den offentlige presentasjonen.
Vel møtt! Klikk på bildene for fullskjermsvisning.
Brosjyren er laget av: Kristine Norlander, masterstudent ved HIT.

Kunst og håndverk i skolen er et møtested for deg som er opptatt av hvordan en kan anvende ulike arbeidsmåter og digitale verktøy i kreative og skapende prosesser samtidig som en ivaretar tradisjonen i kunst og håndverksfaget. Vi håper at du kan la deg inspirere og kanskje dele noen av dine erfaringer her!
tirsdag 27. mai 2014
mandag 12. mai 2014
Animasjon i studiet Kunst og handverk 2
Våre fantastiske
Kunst og handverk2arar er i desse dagar i ferd med å avslutte sitt studiet ved
Høgskulen i Telemark, Notodden. Det har vore nokre flotte og lærerike år både
for studentar og forelesarar. Og det er både med vemod og stolthet at me
ønskjer dei lykke til med formidling og vidareføring av kunst og handverksfaget
i skulen.
I vår
gjennomførte studentane eit spennande animasjonsprosjekt som resulterte i nokre
flotte dukkar, scener og animasjonsfilmar. Oppgåva gjekk ut på å ta
utgangspunkt i arkitektur i eige nærområde.
Eit hus eller ein
bygning skulle fotograferast og gjerast om til svart-kvit bilde. Bilde skulle
brukast som utgangspunkt for scene og rekvisittar. Inspirert frå arbeida til illustratøren
Øyvind Torseter i bildebøkene om Ine og
Hasse, skulle studentane velje ut ein fargeklang til å dominere det
heilskapelege visuelle uttrykket i
filmen. Gjennom å legge farge på detaljar i scena og dukka skulle dei søkje å
få til ein samanheng mellom scene, rekvisita og dukke. Studentane skulle
dessutan trekke ut minst to element frå scena og gi desse ei tre-dimensjonal
form.
Dukke til animasjon
Vidare skulle studentane finne fram til kven som budde i dette huset og korleis dette mennesket såg ut? Hus skaper folk og folk skaper heimar. Studentane skulle formgi mennesket som bur i huset gjennom klede, ansiktsform, nase, øyrer, kroppsbygning, kroppshaldning osv. Illustratøren Lars Aurtande jobbar tredimensjonalt og utformar dukkar til sine illustrasjonar, me lot oss innspirere av hans arbeid med mellom anna bildebøkene Sageren og Evens Hage.
![]() |
frå "Evens hage", illustratør Lars Aurtande |
Vidare skulle studentane finne fram til kven som budde i dette huset og korleis dette mennesket såg ut? Hus skaper folk og folk skaper heimar. Studentane skulle formgi mennesket som bur i huset gjennom klede, ansiktsform, nase, øyrer, kroppsbygning, kroppshaldning osv. Illustratøren Lars Aurtande jobbar tredimensjonalt og utformar dukkar til sine illustrasjonar, me lot oss innspirere av hans arbeid med mellom anna bildebøkene Sageren og Evens Hage.
Rørsle og virkemiddel
I arbeidet
med animasjonsfilm har me dessutan vore særleg opptatt av å studere rørsle og
virkemiddel. Korleis beveger animasjonsdukka seg i filmen? Når ein skal animere
ein figur som skal bevege beina, slik at det ser ut som naturlig gange, er det
viktig at den står godt fast til underlaget. Då kan ein bruke isopor som ein
stikk nåler i, lærertyggis som festar seg til underlaget og teip, eller ein kan
lage store føter som står godt mot underlaget.
Det er eit
tips å overdrive rørsler i animasjonsfilm. Rørsler kan ha høgt tempo i forhold
til verkelege rørsler utan at det verkar unaturlig. Eit anna viktig prinsipp er
å la forma holde på sitt totalvolum sjølv om figuren sin for endras i ulike
situasjonar. Om til dømes figuren gjer ei hopp, vil figuren strekkes ut i
hoppet og presses saman i det figuren treff bakken, likevel vil figuren heile
tida ha same volum. Dette prinsippet
skaper dynamikk og spenning i rørsla. Før ein figur eller eit objekt utførar ein
handling eller ei rørsle i ein retning, vil den ofte bevege seg i motsett
retning før hovudørsla. Dette gir ein mjukare start på rørsla og forbereder sjåaren
på at noko kjem til å skje.
Ikkje alle
objekt har einsarta volum og vekt over det heile. Hjå ein menneskeliknande
figur som har tjukk mage og langt hår vil håret ha eit anna rørslemønster enn
magen og resten av kroppen. Når en figur t.d. spring og snur seg i fart, vil
kroppen snu seg raskare enn håret, som held fram i rørsla og blir hengande
igjen - håret gjer ei mot rørsle når kroppen skiftar retning. Under
opptak er det dessutan viktig at ein avsluttar ei scene/ ei rørsle før ein endrar
bildeutsnitt. Veksling mellom ulike utsnitt gjer ein seinare når en redigerer
klippa.
Sjå eit
par av filmsnuttane og resultata frå anismajsonsperioden under. Filmane handlar
om korleis det kan gå med pensjonerte kunst og handverkslærarar og husmålarar
ved kysten.
Tusen takk
til Bjørg Marie Jarstad og Laila Bråten i Kunst og håndverk 2, trinn 5-10, Høgskolen i Telemark, Notoden for animasjonsfilmbidrag
i dette innegget!
Sjekk våre studier her: http://www.hit.no/nor/HiT/Soeker/Studietilbud/Kunst-og-design
fredag 9. mai 2014
Stian Hole kommer på Bildebokkonferansen 2014!
Stian Hole er ein av våre fremste bildebokmakare
og han blir lagt merke til både i inn- og utland. Særlig har bøkene om Garmann
hausta prisar og heider med mellom anna tildeling av Brageprisen, Bokkunstprisen,
Årets vakreste Bøker, Bologna Ragazzi Award og Dautscher Jugendliteraturpreis.
No er Hole igjen aktuell med ei ny
bildebok. Denne gongen handlar det om jentungen Anna og pappa i Annas himmel. Desse to må ta avskjed med
mamma og sjølv om det ikkje uttalast av mamma er død, er det desse
assosiasjonane ein les ut av teksten og bilda. Pappa bærer på mykje sorg, men
Anna tar han med gjennom holet i himmelen og ut på ei reis som tek dei med til
stader pappa ikkje viste fantes.
Bildene i boka er svært poetisk og opnar opp for tolkning og fabulering.
Sett av dagen torsdag 30. oktober og få med deg Holes presentasjon av sitt arbeid med bildebøkene.
Abonner på:
Innlegg (Atom)