onsdag 28. januar 2015

Studietur i Ingrid Torvunds verden


Kunst og handverk (504) er på samling og i den samanheng tok me oss tid til ein tur i nærområdet for å sjå på kunst. Aktuelt desse dagar er utstillinga til Ingrid Tovrund (Ingrid Torvunds hjemmesidesom finn stad både i den gamle spritfabrikken på Klosterøya i Skien, Spriten (Spriten.no), og den nye kunsthallen i Porsgrunn, Kunsthall Grenland (Kunsthallgrenland.no).

Tovrunds utstilling er altså todelt der delen som presentarast i Kunsthall Grenland tek for seg hennar fyrste filmprosjekt, ”Magic Blood Machine” som ble vist fyrste gong på Kunstnernes Hus i 2012. Torvunds nyaste film fekk si premiere under utstillinga på Spriten Kunsthall no i januar.

Torvund arbeider hovudsakleg med film og teikning og ho har gjennom desse media bygd opp eit heilt særeiget uttrykk,  ”(..)et eventyrlige univers; en mytologisk verden som er tidløs, mystisk og drømmende. Men til forskjell fra eventyrenes topologi er Torvunds arbeider preget av en ganske så samtidig tilnærming: Hennes skrudde eventyrunivers er uten en klar fortelling, ei heller fins her det moralske poenget, og som tilksuer blir vi invitert inn i et overdådig og imponerende univers hvor du må trekke egne slutninger. Slik ønsker Torvund å aktivere publikum og – som i et dataspill – få dem til selv å ta del i den endelige betydningsdannelsen” (Spriten.no)

Me fekk sjå hennar to filmprosjekt i sin heilskap, samt eit utval maleri, figurar og kullissar som var bruka i filmprosjekta. Det var spennande å sjå korleis denne ferske, men stødige nye kunstnaren er i ferd med å etablere sitt heilt eigne visuelle utrykk. Samtidig kunne ein trekke nokre klare linjer både frå måleri i romantikken samt visuelle uttrykk og symbol frå dataspel. 

Vidare fekk me også ei omvising i begge kunsthallane og dessutan eit blikk inn i nokre av verkstadene som haldt til i Spriten atelierfellesskap. Atelierfellesskapet er ein del av Skien kommunes prosjekt Kunstnerbyen Skien.