mandag 4. november 2013

Grafikk

Sidan det no har gått, og vil gå føre seg grafiske oppgåver i klassane me administrerer, er det på sin plass med eit innlegg om grafikk.

Eit grafisk blad er eit avtrykk av ei treplate, metallplate, stein eller anna material kor kunstnaren sjølv har skapt eit bilde. Før avtrykket blir laga har kunstnaren bearbeida plata og vidare fargelagt heile, eller deler av den. Bearbeidinga kan bestå i at man skjærer i plata, teiknar eller behandlar den kjemisk. Kvert trykk er eit originalt kunstverk. Grafiske blad fell i tre grupper: høgtrykk, djuptrykk og plantrykk. 

Grafikken har utvikla seg mykje sidan 70-tallet. I dag er mange grafikkarar meir opptatt av eksperimenter, prosess og det umiddelbare, enn store opplag og ideen om ”Grafikken ut til folket. Dette er kanskje symptomatisk for den tida me lev i med raske endringar og utolmodighet.

Her er tre små videosnuttar om arbeid med linosnitt og tresnitt, både som teknikk og som kunstuttrykk.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar