lørdag 26. januar 2013

Nytt nummer av magasinet Digital Mediedesign

Studentane som tek Digital Mediedesign ved Høgskulen i Telemark, Notodden lagar kvert år eit magasin der dei pressenterar arbeida sine. Ved sida av å gjere ulike oppgåver i løpet av hausten, får dei også arbeide med grafisk formgiving av magasinet, der dei følger prosessen fram til trykkeklart produkt.

Klikk på linken for å sjå magasinet:
Magasinet Digital mediedesign

Tyggegummi-kunst

Ben Wilson lagar kunstverk av det andre kastar frå seg. På London sine gater kan ein komme over små fargeklattar. Kikkar ein nærmare på desse, kjem det til syne skildingar av Wilson sine personlege opplevingar, av dyr, portretter og det som elles måtte falle han inn. Wilson seier at dei unge i London mistar kjensla av tilhørigheit til strøket dei veks opp i. Dei får ikkje leike i gatene i fare for at dei blir påkjørt. Dei mange krava ungane skal leve opp til, gjer at dei mistar muligheitene til fri og ubetinga leik. Kunstverka til Wilson er eit forsøk på å bygge opp att kjensla av tilhørigheit.

onsdag 16. januar 2013

Kom til Notodden når du skal studere og oppleve!

 

Høgskolen i Telemark tilbyr studier på alle
nivåer: Fra årsstudier via fordypningsstudier og profesjonsutdanninger til studier på bachelor-, master- og doktorgradsnivå.
 
 
 
 
 

mandag 7. januar 2013

Ornamentikk og Shirin Neshat



Åpen Dør 2012 er et årlig arrangement ved studiested Notodden. Arrangementet vender seg til lærarar og elever i heile skuleverket, og arrangeras av studentar og tilsette ved institutt for forming og formgiving. I år er temaet for Åpen dør Ornamentikk. På føregåande fagdag belyste difor Morten Lerpold temaet i utvida forstand. Lerpold såg på ornamentikk i eit antropologisk perspektiv - på tatovering og det ornamentale, han såg på natur og ornamentikk- naturen som ein rikdom av former, og naturestetikk - knytt til rytme mellom repetisjon og forskjell. Vidare snakka Lerpold om modernitetens forkasting av ornamentet og ornamentets gjenkomster – som ornamentikk i masse og tilslutt ornamentet og det digitale med den avsymboliserte og globale logoen. Foredraget vart ein døropnar for ei vidare forståing av omgrepet.

I denne samanhengen trakk Lerpold fram mellom anna Shirin Neshat sitt arbeid. Neshat er biletkunster busett i New York. I arbeida sine tek ho utgangspunkt i kvinnekroppen. Gjennom fotografi og videofilm sett ho spørsmålsteikn ved dei reglar som gjelder for kvinner i islamske land. Mange av fotografia er dekket eller delvis dekket med skrift i farsi (persisk), og gjenger hovudsakleg dikt av ulike kvinnelige iranske forfattar. Fotografia hennar tek også opp og forkastar fordreide koloniale bilde av muslimske kvinner framstilt som erotiske eigedelar, erotiske objekt og føyelige vesnar, slik dei ofte har vorte framstilt i vestlig litteratur.