fredag 9. mai 2014

Stian Hole kommer på Bildebokkonferansen 2014!

Stian Hole er ein av våre fremste bildebokmakare og han blir lagt merke til både i inn- og utland. Særlig har bøkene om Garmann hausta prisar og heider med mellom anna tildeling av Brageprisen, Bokkunstprisen, Årets vakreste Bøker, Bologna Ragazzi Award og Dautscher Jugendliteraturpreis.

No er Hole igjen aktuell med ei ny bildebok. Denne gongen handlar det om jentungen Anna og pappa i Annas himmel. Desse to må ta avskjed med mamma og sjølv om det ikkje uttalast av mamma er død, er det desse assosiasjonane ein les ut av teksten og bilda. Pappa bærer på mykje sorg, men Anna tar han med gjennom holet i himmelen og ut på ei reis som tek dei med til stader pappa ikkje viste fantes.


Bildene i boka er svært poetisk og opnar opp for tolkning og fabulering. 

Sett av dagen torsdag 30. oktober og få med deg Holes presentasjon av sitt arbeid med bildebøkene. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar