Kunst og handverk (504) er på samling og i den
samanheng tok me oss tid til ein tur i nærområdet for å sjå på kunst. Aktuelt
desse dagar er utstillinga til Ingrid Tovrund (Ingrid Torvunds hjemmeside) som finn stad både i den gamle spritfabrikken
på Klosterøya i Skien, Spriten (Spriten.no), og den nye kunsthallen i Porsgrunn, Kunsthall
Grenland (Kunsthallgrenland.no).
Tovrunds utstilling er altså todelt der delen som
presentarast i Kunsthall Grenland tek for seg hennar fyrste filmprosjekt, ”Magic Blood
Machine” som ble vist fyrste gong på Kunstnernes Hus i 2012. Torvunds nyaste
film fekk si premiere under utstillinga på Spriten Kunsthall no i januar.
Torvund arbeider
hovudsakleg med film og teikning og ho har gjennom desse media bygd opp eit heilt
særeiget uttrykk, ”(..)et eventyrlige univers; en mytologisk verden som er tidløs,
mystisk og drømmende. Men til forskjell fra eventyrenes topologi er Torvunds
arbeider preget av en ganske så samtidig tilnærming: Hennes skrudde
eventyrunivers er uten en klar fortelling, ei heller fins her det moralske
poenget, og som tilksuer blir vi invitert inn i et overdådig og imponerende
univers hvor du må trekke egne slutninger. Slik ønsker Torvund å aktivere
publikum og – som i et dataspill – få dem til selv å ta del i den endelige
betydningsdannelsen” (Spriten.no)
Me fekk sjå hennar to filmprosjekt i sin heilskap,
samt eit utval maleri, figurar og kullissar som var bruka i filmprosjekta. Det var spennande å sjå korleis denne ferske, men stødige nye kunstnaren er i ferd med å etablere sitt heilt eigne visuelle utrykk. Samtidig kunne ein trekke nokre klare linjer både frå måleri i romantikken samt visuelle uttrykk og symbol frå dataspel.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar